hovden-barekstad.no

Hjertastartar på øya

Foto: Sølvi Bareksten

Grendalaget har vedteke for lenge sidan at hjertestartaren på øy skulle flyttast frå Barekstadtun, grendahuset , til sanitærrommet på rutebåtkaia i Barekstad. Grunnen er, at dette rommet alltid er opent og tilgjengeleg for alle som er på øya. Dette er ein sentral plass som alle kjenner til. No er dette vorte gjordt. Ein ser hjartestartaren straks ein kjem inn i sanitærrommet. Vi håper at alle som kjem til øya, gjer sitt beste til at hjartstartaren får stå fint på plassen sin, til den eventuelt må brukast ved nødstilfeller.