Digital / elektronisk basar 25.07.2020

Foto: Sølvi Bareksten

Grendalaget har bestemt at vi skal prøve å gjennomføre ein elektronisk basar 25 juli 2020. Trekninga er meininga skal leggast ut på grendalaget si facebookside.

Før coronaen begynte, vart det teke lodd med tanke på påskebasar. Den vart då sjølvsagt ikkje gjennomført pga situasjonen vi har hatt dei siste månadane. No fortsetter vi på desse loddbøkene.
Vi håper at grendafolket, hyttefolket og andre vil vippse inn penger til Sisca Broeils sin mobiltelefon 97 09 60 99 .
Det er også muleg å betale inn penger til grendalaget sin bankkonto 3775 65 65908 . Husk å skrive kvem pengane kjem frå. Viktig å presisere om det er loddbok for barnegevinster eller i andre vanlege loddbøker, ein vil ha lodda. Kr. 5,- pr. lodd. Vi vil skrive dette ned i loddbøkene fortløpande. Loddsalget avslutter vi den 22.07.2020, slik at vi er sikker på at loddpengar ikkje kjem inn på bankkonto etter trekninga. ( Det tek nokre dagar i banken, før ein ser avsendar på innskudd. )

Grendalaget treng også gevinster og vi vil vere i grendahuset, Barekstadtun 17 juli frå kl. 20.00 til 22.00 for å ta imot gevinster og forberede til trekninga den 25.07.20. Har ein ikkje høve til å levere då, so ta ein telefon til nokon i styre, so vil vi sjølvsagt finne ei løysing. Vi er svært takknemleg for gevinster, då vi føler at vi ikkje kan spørre handelsstanden for gevinst i denne krisetida.

Ovanfor ser dere 3 barnegevinster som skal loddast ut 25.07.2020.

Grendalaget håper at folk er flinke til å støtte dette tiltaket. Vi har skifta tak og vindu på Barekstadtun det siste året. Dette har vore ein stor kostnad. Grendalaget treng no inntekter for å kunne klare faste kostnadar framover. Strøm, forsikring og andre utgifter utgjer ein stor sum kvart år som vi må dekke. No har vi i tillegg eit lån som skal nedbetalast.

Vi håper på godt loddsalg dei neste vekene.