Gevinster til elektronisk basar 25.07.2020

Gevinster til born
Gevinster voksne
Gevinster voksne
Gevinster voksne

Her kjem bilete av gevinster som grendalaget har fått til den digitale basaren 25.07.2020. Vi har gjerne ikkje fått bilete av alle gevinstane og det kan komme fleire gevinster. Men her er i allefall eit utvalg av det som kom inn til grendahuset, Barekstadtun, i går kveld, 17.07.2020.

Stor takk til alle som har støtta opp om dette initiativet til grendalaget i form av gevinster og lodd so longt. Men vi skriv fortsatt i loddbøkene til og med onsdag førstkommande, 22.07.2020. Sjå tidlegare artikkel om digital basar, med omsyn til kor ein går fram for å kjøpe lodd.

I går vart det bestemt at styret i grendalaget kjem saman kl 17.00 den 25.07.20 og startar trekninga då. Vi håper at det er nok internettdekning i Barekstadtun til å kunne formidle trekninga digitalt på grendalaget si facebook side. Får vi problem, må vi legge dette ut i ettertid.

Det vert også lagt ut bilete på facebooksida.

Vel møtt til ein litt annleis basar.