hovden-barekstad.no

Elektronisk basar sommar 2021

Styret i grendalaget har bestemt at vi skal prøve å avvikle ein digital basar til sommaren.
Planen er å få dette til laurdag 10 juli 2021. Vi vil orientere om datoen og så kjem vi tilbake med meir detaljer om når og korleis ein kan få avvikle loddsalget og trekning på ein god og sikker måte no i coronatida.