hovden-barekstad.no

VEL AVVIKLA SOMMARBASAR 11.07.2021

Grendalaget vil gjerne få takke alle som tok lodd til vår sommarbasar 11.07.2021. Stor takk til dei som kom med mange fine gevinster. Likeeins må vi få takke handelstanden i Florø som har støtta oss masse med gevinster.

Grendalaget har fått inn kr 20 000,- på denne basaren og dette er vi veldig nøygd og glad for. Dette er pengar som kjem vel med til drift av grendahuset Barekstadtun og leileigheitane i Vikatun. Dei 25 km med Nordsjøløype skal også holdast ved like. Alt dette vert det utgifter med, sjølv om bygdefolket er flinke å stille på dugnad mange gonger i løpet av året.

So håper vi at neste basar kan føregå på normal måte igjen. Basar med kaffi, kaker, loddsalg og sosialt lag er å føretrekke.

God sommar til dere alle!

Foto: Sølvi Bareksten