Uhøytidleg treff i Barekstadtun

Bilete: Sølvi Bareksten

No er samfunnet opna igjen etter mange månadar utan samkome og treff. Dette vil damene på øya gjere noko med.

No vil vi prøve å ha uhøytidlege treff i grendahuset, Barekstadtun, kvar tirsdag kveld kl. 19.00. Det er sjølvsagt frivillig å møte opp og det vil alltid vere nokon det ikkje passer å komme. Men so lenge det møter opp nokon, vil vi holde på. Her kan ein møte for berre å prate eller ein kan ta med heklet, strikketøyet eller syarbeidet. Her kan vi løyse “verdensproblem” og gjerne ta ein kopp kaffe. Skal ein ha mat, må ein ta dette med sjølv. Husk at dette er eit gammalt hus som det tek tid å varme opp, so det er lurt å vere godt kledd. Hyttefolk, besøkande, fastbuande eller andre med tilknytning til øya er velkomne.