SOMMARBASAR LAURDAG 30.07.22 KL. 16.00

Sommarbasaren i år vert flytta til laurdag 30.07.22.

Det vert eiga loddbok med barnegevinster og loddbøker for voksne. Kakelodd vert det også.

Kafè med gode kaker, kaffe, brus og is.

Det vert folk i grendahuset på torsdag 28.07.22 frå kl. 19.00 til 21.00 for å ordne til basaren. Er det nokon som vil levere gevinster då, er grendalaget takknemleg for det.

Er det nokon som vil ta lodd og ikkje kan møte på basar, kan dei vippse Fransisca Broeils, mob. 970 96 099. Skriv då om lodda skal takast i barneboka eller voksne og namnet dette skal stå på.

Grendalaget håper at flest muleg er på øya og vil møte opp i Barekstadtun, grendahuset, og støtte grendalaget. So håper vi på godt vèr.

Nedanfor ser du bilete frå nokon av gevinstane på påskebasaren i år.

Alle er velkomne!

God sommer!