ADVENT 2015

Advent 2015

Foto: Sølvi Bareksten

Med bilde frå eit pynta adventsbord i Barekstatun 1. søndag i advent, 29.11.15,  ynskjer vi alle ei god førjulstid .

VEDLIKEHOLD AV NORDSJØLØYPA PÅ HOVDEN

I løpet av hausten og vinteren kjem bygdefolket til å ta ned alle skilt i Nordsjøløypa på Hovden for vedlikehold.  Men løypene er så godt merka at ein kan bruke stiane utan skilt om ein tek turen langs løypene.  Det er nødvendig å pusse ned skilta etter  nesten 10 år ute på verharde plasser. Vi må male og beise skilta på nytt, før våren tek til.   Vi håper at turfolk har forståing for at vi må bruke vinteren til vedlikeholdsarbeid, slik at skilta kan vare lenger.  Vi skal ha skilta på plass igjen til påsketider i 2016.

KAFÈ I BAREKSTADTUN

kopi-2-av-dscf532 Foto: Sølvi Bareksten

Vi prøver med kafè i Barekstadtun søndag 26.07.15 kl. 16.00 - 21.00.  Samtidig vert det demonstrasjon og salg  av Tupperware denne søndagen.  Anne-Karin Alme frå Kaupanger vil stille ut og selge  Tupperware produkt i kafèen.

Inntekta av kafèen går til grendalaget.

Velkommen til kafèen og tupperwareparty  i Barekstadtun!

HOVDENDAGEN 2015


Foto: Sølvi Bareksten,

Frå kaia i Barekstad ved ankomst på Hovdendagen 2015

Søndag 07 juni 2015 håpte vi på godt vèr til Hovdendagen.  Frå bilete teke ved ankomst på rutebåtkaia i Barekstad, kan ein sjå at turgåarane fekk ein våt start på dagen.  Tross regn og kaldt vèr var det likevel nokre som meldte seg på turen. Vi håper at dei frammøtte deltakarane tross dårleg ver, syntes turen vart bra likevel.  Veret vart betre ut på dagen.  I grendahuset venta damene i bygda med betasuppe og masse gode kaker.  Vi takker alle som var med å hjelpte til og alle som stilte opp og gjorde dagen fin.

Vel møtt til neste år som i tilfelle blir 10-års jubileum for “Hovdendagen”

PÅSKE PÅ ØYA

PÅSKEBASAR I BAREKSTADTUN

Foto: Janne Bareksten

Med bilete frå påskebasar i Barekstadtun 02.04.15 ynskjer vi alle på øya og andre  som er innom nettsida vår ei riktig god påske.  Det ligg fleire bilete under “arkfanen”  Kva har skjedd.

ÅRETS VEIKINGKONVOI I BAREKSTAD JUNI 2014

kopi-av-dsc00366

Foto: Victoria Ekseth og Sølvi Bareksten

Sommervèret viste seg frå si beste side då Veikingkonvoien vitja øya vår og gjorde strandhogg i Barekstad.  Der hadde grendalaget med hjelp frå vennar, slektningar, hyttefolk og andre, gjort sitt ytterste for at konvoien skulle få best muleg service.  Det hadde då vore dugnad i 2 veker forut og planlegging i  fleire månadar.  Bygda hadde forberedt seg godt og det meste gjekk bra.  Når  også vèrgudane viste seg frå si beste side, kan vi ikkje anna enn sei at arrangementet var vellukka.   Det var nok av både mat og drikke og ingen hadde grunn for å reise svolten heim.  Dansemusikken var god og dei aller fleste var fornøyd.   Takk til alle som var med og brakte dette arrangementet i hamn og samtidig  inntektsbringande for grendalaget. Takk til vertskapet som lot oss få bruke eigendommen i “Holmen” for avvikling av arrangementet.

Nytt sanitærrom i “Holmen”

Sanitærrom for reisande Foto: Janne Bareksten

Hurra! No er sanitærrommet i “Holmen” på rutebåtkaia i Barekstad ferdig, og klar til å verte teke i bruk av reisande til og frå øya.  Det har vorte eit stort og fint sanitærrom.

Her er det to store toalett.  Det er lagt til rette for rullestolbrukarar og andre funksjonshemma.  I tillegg er det eit dusjrom med myntautomat. I gangen er det tilrettelagt for tilkopling av vaskemaskin, men Grendalaget har ikkje fått denne på plass enno.

No kan bygda tilby eit flott sanitæranlegg til alle som besøker øya, anten med eigen båt eller med rutegåande transport.  Vi håper anlegget vert godt motteke og at ein gjer sitt beste for å halde det reint og ryddig til nestemann  kjem innom bygget.

Samtidig vil Grendalaget takke sambygdingar og andre som har arbeidd dugnad og lagt ned  arbeidstimar gratis, for at bygda skulle få dette prosjektet i mål.  Her har mange flinke og flittige  arbeidshender utført flott arbeid.  Det er 5 år sidan første del vart utført på anlegget, men vi kom i mål til slutt.  Takk til pengestøtten frå fylket, Sparebanken og andre støttespelerar.

Asfaltering av vegstykke fra Barekstad mot Hovdetræ

Mandag 12.september vart ein historisk dag for folket på øya Hovden. Då vart det første kommunale vegstykke på øya Hovden lagt under asfalt. Flora Kommune har i første omgang løyvt omlag 300.000 kr. til asfaltering av eit ca 1 kilometer langt vegstykke som går frå Holmen i Barekstad og over høgdedraget og ned på flata ved Flytningsvågen i Hovdetræ. På sikt er det meint at fleire vegstykke skal bli asfaltert på øya, når kommuneøkonomien tillater det. Øya har omlag 10 km veg.

m_asfaltering-i-barekstad-32

Asfalt legges ut frå lastebilen i en “asfaltutlegger” og kompakteres deretter med ei valsemaskin.

m_asfaltering-i-barekstad

Nordsjøløypedag på Hovden

 

 

dscf4363-kopi

Foto:  Sølvi Bareksten

Nordsjøløypedagen 6 juni 2010 vart avvikla i godt turvèr.  Grendalaget håper at mange av dei som valde å bruke søndagen her ute på øya, var fornøgde og at dei ynskjer å komme tilbake ved eit seinare høve.  Nordsjøløypedagen, har grendalaget bestemt, skal avviklast første helga i juni, så velkommen neste år.


««« »»»