Kontaktinformasjon

Barekstad / Hovdevåg grendalag

E-post

Kontaktpersonar


« JONSOK 2016 | «« Framsida | Neste innlegg »

OPNING AV BOKFJØS I HOVDEVÅG

juni 27, 2016

Velkommen til bokfjøs Foto: Sølvi Bareksten

Søndag 26.06.16 vart dagen Sisca Broeils opna bokfjøsen i Hovdevåg.  Her ser vi Sisca ved inngangen til bokfjøsen like før  opninga. Sisca har  lagt ned eit stort arbeid  med å samle inn bøker, både brukte og nye, som alle kan låne eller kjøpe for ein billeg penge. Bokfjøsen  ligg like ved starten på Nordsjøløypa ved Hovdevåg, når ein skal gå mot Kvanhovden.   Det er meininga at det delvis vert “sjølvbetjent” når ein vil innom bokfjøsen og alle er velkomne.

Frå bokfjøsen Foto: Sølvi Bareksten

Her ser vi litt av bokfjøsen innvendig og kor fint Sisca har pynta.  Kaffi og gode kaker var det også å få.   Alle som møtte fram var imponert av kor godt plassen var utnytta med bøker over alt og for alle alder.  Utenlandske bøker var det også ei avdeling for.  Det var mange som gjekk ut derfrå med ei bok eller 2 i handa.   Det vil også vere ei avdeling kor ein stiller ut og sel produkt som folk på øya har laga.  Nedanfor ser ein litt av det som er utstilt der no .

Husflidsprodukter til salg i bokfjøsen Foto:  Sølvi Bareksten

Vi håper bokfjøsen vert mykje brukt og ynskjer Sisca lykke til med  det fine initiativet.

«« Framsida