Kontaktinformasjon

Barekstad / Hovdevåg grendalag

E-post

Kontaktpersonar


« ÅRETS PÅSKEBASAR | «« Framsida | 17. mai i Barekstadtun »

Nordhordland Turlag kjem til øya Hovden

april 22, 2018

kopi-av-dscf1058

Foto: Janne Bareksten. Kvanhovden fyr.

Vi ynskjer Nordhordland turlag velkommen til øya vår søndag 06.05.18.

Turlaget kjem med båten MS Hardangerprins og skal nytte dei merka Nordsjøløypene på øya her, eller berre gå eller rusle på eigen hand.

I Hovdevåg, på nordsida av øya startar dei besøkande.  Der kan dei velje kva for ei løype dei vil ta. Mange vil nok ta turen til Kvanhovden fyr, som har ein særeigen natur og er vel verdt eit besøk. Dette er ein relativ lett tur langs strandlinja på øya.  Ein kan fortsette vidare frå Kvanhovden fyr til Domba og derfrå til Barekstad.

Nokre vil kanskje velje turen over fjellet til Barekstad. Dette er ein litt meir krevande tur. Det er litt bratt og ulendt den første etappen frå Hovdevåg opp Sildevågen. Men når ein kjem på toppen av fjellet har ein ei flott utsikt i alle himmelretningar om veret er bra. Ein tur på ca. 2,5 time i normal tempo.

Gåsevatn med utsikt sørvestover

Her ser ein Gåsevatn som ein går på venstre side av over fjellet frå Hovdevåg til Barekstad. Så ser ein mange av dei andre øyane i skjærgarden utanfor Florø på turen over fjellet.

Det er også muleg å gå grusvegen frå Hovdevåg til Barekstad om ein heller vil ta det roleg og rusle rundt.

Bygdefolket skal ha dugnad og lage betasuppe, kaffi og kaker for turgåarane når dei er framme i Barekstad.   Nokre vil også vere med på turane som dei besøkande skal gå.

Vi gleder oss til besøket og håper på godver søndag 06 mai 2018.

Vel møtt!

«« Framsida