Kontaktinformasjon

Barekstad / Hovdevåg grendalag

E-post

Kontaktpersonar


« 17. mai i Barekstadtun | «« Framsida | Sommarbasar 21.07.2018 »

Hovdendagen søndag 03 juni 2018

mai 22, 2018

kopi-av-dscf4511

Foto: Sølvi Bareksten

Med bilete frå kaia på  Hovdendagen  2011 ynskjer vi små og store velkommen til øya Hovden  søndag 3 juni 2018. Denne dagen er eit samarbeid mellom turlaget i Flora og Barekstad-Hovdevåg Grendalag.

MS Fjordglytt går frå Florø, Fugleskjærskaia kl. 09.00.  På kaia i Florø er Astrid Eliassen frå Flora Turlag  kontakt/billettør.

Billett utover til øya: kr 200,- voksne, kr 75,- born.

Retur: rutebåt ” Fjordglytt”  billett kr 72,- voksne, kr 40,- born.  Avgang kl. 16.20 kor ein prioriterer  voksne med born.   Ekstra avgong ca. kl 16.45

Velkomst med orientering på Barekstad kai ca kl. 09.30.

Ein kan velge mellom 4 traseer / guida turer:  til Domba, til Kvanhovden, til Vemannsrøysa og Skårekinn.

Men det er også mulegheit til å bruke dei fine grusvegane på øya, til å rusle rundt eller til å bruke sykkel.

For dei som vil til Kvanhovden vert det satt opp bil/buss til Hovdevåg og ein går til Kvanhovden derfrå.  Det samme gjelder også for dei som vil gå til Skårakinn som er det høgste fjellet på øya.

Grendahuset i Barekstad, ca 4 min frå rutebåtkaia, har ope kafe frå kl. 12.00 og sel betasuppe, kaffemat og drikke.

Kvanhovden fyr held ope og sel vaflar og kaffe.

Bokfjøsen i Hovdevåg er open.

Sanitærrom på rutebåtkaia i Barekstad m/ toalett og betalingsdusj.

Vi vil minne om brannfaren og forbudet i kommunen no, om å tende opp ild.

Husk kontanter!

Vel møtt til Hovdendagen!

Infosider: www. flora.dnt.no

www.hovden-barekstad.no

https:www.visitnorway.no/listings/nordsjøløype-hovden

https://www.ut.no/2.7331/


«« Framsida