Kontaktinformasjon

Barekstad / Hovdevåg grendalag

E-post

Kontaktpersonar


« Forrige innlegg | «« Framsida | Trengereid brassband »

HOVDENDAGEN 2019 AVLYST

april 1, 2019

DET DÅRLEGE VÆRET HAR FØRT TIL LITE PÅMELDINGAR OG DESSVERRE ER HOVDENDAGEN  AVVLYST.

kopi-av-dscf4511

Foto: Sølvi Bareksten.  Frå kai i Barekstad på Hovdendagen 2011

Hovdendagen er i år lagt til første helga i mai,  søndag 05.05.19. Dette er eit samarbeid mellom Florø Turlag og Barekstad/Hovdevåg grendalag, kor hovudformålet er vandring og opplevingar i dei 25 km merka Nordsjøløypene på øya.

Det vert guida tur til Domba, Kvanhovden, Vemannsrøysa og Skårakinna av øyfolket.  Men det er sjølvsagt mulegheit til å gå på eiga hand for den som vil det.  Øya er idiell for sykkel pga dei mange kilometerane med veg på øya.  Det vert sett opp bilskyss til Hovdevåg for den som vil ta turen til  Kvanhovden.

Grendahuset har open kafe ca. 1 time etter at båten har lagt til kai.  Der vert det betasuppe, kaffimat og drikke. Der held bygdefolket ope til siste båt er reist frå øya.

Påmeldinga tek  Flora turlag seg av.  Sjå turlaget si side:  https://flora.dnt.no/aktiviteter/106592/866301

Avreise frå Florø kl. 9.00 med MS Fjordglytt  frå Fugleskjærskaia. ( Møt opp i god tid )

Heimreise: MS Fjordglytt avgang frå Barekstad kai ca. kl. 16.20 ( vanleg rute kor vanleg reisande og voksne m/ born har førsterett ) Båten kjem so i retur med ny  avgang ca. kl 16.45 .

Bokfjøsen i Hovdevågen er open denne dagen og ligg rett ved sidan av løypetrassèen på vegen  til Kvanhovden .

Kvanhovden fyr er utleigd denne helga og held ikkje open for “Hovdendagen sine besøkande”

Vi håpar på godt ver og godt oppmøte.



«« Framsida