Kontaktinformasjon

Barekstad / Hovdevåg grendalag

E-post

Kontaktpersonar


« SOMMARBASAR 2019 | «« Framsida

HOVDENDAGEN 25.08.2019

august 14, 2019

kopi-av-dscf4509 Foto: Sølvi Bareksten

Hovdendagen som vart avlyst i mai, skal no gå av stabelen søndag 25.08.2019.

Hovdendagen er eit samarbeid mellom Flora Turlag og Barekstad/Hovdevåg grendalag, kor hovudformålet er vandring og opplevingar i dei 25 km merka Nordsjøløypene på øya.

Det vert guida tur til Domba, Kvanhovden, Vemannsrøysa og Skårakinn av øyfolket. Det er sjølvsagt også mulegheit til å gå på eiga hand,  for den som vil det.  Øya er idiell for sykkel pga dei mange kilometerane med veg på øya. Det vert sett opp bilskyss til Hovdevåg for den som vil ta turen til Kvanhovden.

Grendahuset har open kafè frå kl. 12.00. Der vert det servert betasuppe, kaffimat og drikke. Der held bygdefolket ope grendahus til siste båt er reist frå øya.

Påmelding tek Flora turlag seg av. Sjå turlaget si side: htts://flora.dnt.no/aktiviteter   og bilder frå øya på  htts://flora.dnt.no/aktiviteter/106592/866301

Avreise frå Florø kl. 9.00 med MS Fjordglytt frå Fugleskjærskaia. ( Møt opp i god tid. )

Heimreise: MS Fjordglytt avgong frå Barekstad kai ca. kl 16.20 ( vanleg rute kor vanlege reisande og voksne M/born har førsterett) Båten kjem i retur med ny avgong ca. kl. 16.45.

Bokfjøsen i Hovdevågen er open denne dagen og ligg rett ved sidan av løypetrassèen i Hovdevåg på vegen til Kvanhovden.

Vi håper på godt ver og mange turgåarar.

«« Framsida