Kontaktinformasjon

Barekstad / Hovdevåg grendalag

E-post

Kontaktpersonar


« JULA 2015 | «« Framsida | JONSOK 2016 »

HOVDENDAGEN, VANDRING I NORDSJØLØYPENE

mai 1, 2016

dscf4363-kopi

Foto:  Sølvi Bareksten

Da nærmer dagen for Nordsjøløypa på Hovden seg på nytt. I år er datoen 05.06.16. Dette er 10-ande  gongen at  grendalaget i saman med Flora Turlag arrangerer denne “Hovdendagen”.   Ovanfor ser du bilete frå kai i 2010, når båten kjem for å hente turfolket.  Sidan det er 10-ande året dette vert arrangert,  vil grendafolket prøve å gjere litt ekstra stas på dei som vil komme til øya.  Damene i bygda vil stille på kaia med gratis kaker og kaffe, nett som ved opninga i 2006.

I grendahuset, berre 4 minutters gange frå rutebåtkaia, vert det muleg å kjøpe rømmegraut, kaker og kaffi m.m.

Vi har guida tur til Domba og eventuelt vidare til Kvanhovden fyr.   Ein kan også ta bil /buss  til Hovdevåg og gå derfrå til Kvanhovden fyr.   Eller ein kan gå på eigen hand  den merka løypa opp frå Barekstad til Vemansrøysa og vidare ned til Hovdevåg.  Eller gå motsatt vei, ta bil/buss til Hovdevåg og gå frå  Hovdevåg og ned til Barekstad.  Vil ein gå utanom dei merka løypene kan ein også gjere det.  Det er ganske oversiktleg når ein først kjem noko opp på fjellet.

Sjå også informasjonen som er lagt ut på Flora turlag si nettside om denne “Hovdendagen”.    https://flora.dnt.no/

Link til program på Hovdendagen:

https://s3-eu-west-1.amazonaws.com/turistforeningen/files/2f4fd1d3900d6241b112472b61168f0611033514.doc

https://s3-eu-west-1.amazonaws.com/turistforeningen/files/a6a2af4ef77b2021053864dac452ea3f69599e32.doc

«« Framsida