Opning av bokfjøs 2016

Foto: Sølvi Bareksten

Søndag 26.06.16 vart dagen Sisca Broeils opna bokfjøsen i Hovdevåg.  Her ser vi Sisca ved inngangen til bokfjøsen minutter før opninga. Sisca har lagt ned eit stort arbeid med å samle inn bøker, både brukte og nye, som alle kan låne eller kjøpe for ein billeg penge.  Bokfjøsen ligg like ved starten på Nordsjøløypa, når ein skal gå til Kvanhovden.  Det er meininga at det delvis vert “sjølvbetjent” når ein vil innom bokfjøsen og alle er velkomne.

Foto: Sølvi Bareksten

Her ser vi litt av bokfjøsen innvendig og kor fint Sisca har pynta.  Kaffi og gode kaker var det også å få.   Alle som møtte fram var imponert av kor godt plassen var utnytta med bøker over alt og for alle alder.  Utenlandske bøker var det også ei avdeling for.  Det var mange som gjekk ut derfrå med ei bok eller 2 i handa.   Det vil også vere ei avdeling kor ein stiller ut og sel produkt som folk på øya har laga.  Nedanfor ser ein litt av det som var utstilt ved opninga.


«« Framsida