Hovden-Barekstad Bokfjøs

Bokfjøsen i Hovdevåg

Foto: Sølvi Bareksten

Den 26.06.2016 opna Sisca Bokfjøsen i Hovdevåg  etter long tid med planlegging og ikkje minst arbeid.  Her er det brukte bøker i alle katogorier og fleire språk.  Vi meiner at absolutt alle vil kunne finne bøker der som dei interesserer seg for.

Der får ein kjøpe bøker til ein billeg penge.  Der er også magasiner og hefter av mange slag. Handarbeidsbøker, kokebøker, lokalhistorikk og mange andre kotegoriar.

Sisca får stadig inn nye bøker. No på våren 2017 har ho henta mange kasser med bøker frå fastlandet.

Det er vel verdt å ta turen innom.

Sisca har facebookside og legger ut opningstidene på facebooksida si fortløpande.  Sommaren 2017 er intensjonen å ha ope kvar einste veke.

Velkommen innom bokfjøsen!

kopi-av-dscf1425

Foto: Sølvi Bareksten

«« Framsida