Kom til Hovden!

Vi, fastbuande i Barekstad/Hovdevåg vil gjerne informere og vise fram øya vår til feriefolk og andre som vil feriere eller slappa av for ei helg, veke eller meir. Eller for den som vil prøvebu i ein utkant vest mot havet.

Øya er med sine 15km2 den største i kommunen Flora. Rett vest om øya ligg Hellefjorden med havet rett inn. I nordvest ligg Kvannhovden fyr med sin særeigne barske natur. Konglomerat stein som er reinskurt av regn, vind og sjøsprøyt, gjev ein spesiell oppleving. Vel verd eit besøk.

hovdetre.jpgHer er flotte vatn på fjellet, og vi har merka Nordsjøløype på ca. 25 km både langs med stranda og over fjellet. 5 – 6 valgmulegheter med varierte trasèer. Nokre lettare enn andre å gå. Nokre med finare utsikt enn andre, men alle gjev flotte naturopplevingar. Det er sjølvsagt muleg å gå utanom stiane og det er lett å finne tilbake oppe på fjellet.

Dei mange grusvegane på øya er spesielt godt egna for sykkel, og då kan ein nyte naturen på vegen.

På opphold her ute på øya kan du vere heldig å sjå ørn, hegre, skarv, falk og fleire sorter måse. Terne, kjeld, og vipe er her også. Grågåsa hekker spesielt på austsida av øya, og er ein konkurrent for sauene om beiteplassen. Til tross for at øya har lite skog, kan ein vere heldig å finne mange sorter småfugl der det er planta gran og furu, og der lauvskogen har funne seg ein lun krok å vokse opp. Om hausten kan ein også vere heldig å høyre ugle. Om våren høyrer vi orren synge i bakkane over busetnaden. Rypa hekkar nok også på fjellet, men ikkje i store mengder.

Otaren har innteke øya over alt. Minken er noko mindre representert. Hjort er det mykje av på øya. Pinsvin og røysekatt er også 2 dyr som finst her.

Vi bebuarane er stolte av det rike dyr-og fuglelivet her og vi vil gjerne dele desse fine naturopplevingane med fleire.

barekstad.jpgSjøen ligg berre å ventar på at folk skal komme å ta den i bruk, i form av motorbåt, småbåt, robåt, kano, seilbrett m.m. Her kan berre fantasien sette grenser. Rein klar luft og frisk bris høyrer med i havgapet. Eit opphold på øya kan vere sunt for både skjel og lekam. Vi høyrar stadig frå dei som har vore her, at sjølufta får dei til å sove godt og gjev god appetitt.

Dette er noko av det du kan oppleve.

Ta turen og besøk oss, eller busett deg her, så kan du sjølv bedømme. Vi har hus til leie for fastbuande og vi har gratis tomtar for interesserte som vil busette seg her.

DU er velkommen!

«« Framsida