Tilflytting

Solnedgang

Du lurer kanskje på kva som får folk til å busette seg, og stortrivast ute på ei øy i havgapet? Det er mange svar på dette spørsmålet.

Rett utanfor døra har vi alt det vi kan trenge av naturopplevingar, ørnen som flyg like over hustaket og hjorten som et på marka ved huset. Her er det like vakkert om sommaren når svaberga ligg bada i solskin, som når røsslyngen kler øya i purpurraud haustdrakt, og sjølv den hardaste vinteren her har sin sjarm. Elles kan ein finne ro og sjelefred, men og mykje menneskeleg varme. På øya er det omlag 40 innbyggjarar, som alle tek vare på kvarandre. Dette er noko som har forsvunne i dei fleste store samfunn i dag, og som vi set stor pris på å vere ein del av.Som eit tiltak til å få nye innbyggarar til øya, har grunneigarane i Barekstad gått inn for å legge ut eit felles område på 70 mål til gratis tomtar. Tomtane får ein gratis dersom dei skal nyttast til bustadbygging, og om dei ikkje er større enn eit mål. Utanom dette kan fleire grunneigarar tilby rimelege tomtar på eiga mark/utmark. Dei siste åra har bygdefolket gjort ein enorm innsats for å skaffe nye innbyggjarar. Vi har prøvd med artiklar i dei store norske avisene og internett sider. Barekstad er det viktigaste knutepunktet på øya. Kvar morgon og ettermiddag kjem vaksne og barn saman på veg til skule, arbeid eller til Florø for å handle. Elevar på barne- og mellomtrinnet og ungdomsskuleelevar pendler til skule i Florø.

Det einaste vi saknar er fleire naboar.

Den store overraskinga kom når vi fekk ein artikkel skriven i ei nederlandsk avis. Responsen til denne reportasjen var mildt sagt enorm! “Nederland-prosjektet” enda med at bygdefolket på dugnad fekk sett opp to bueiningar som nye familiar kunne få prøvebu i, og som i dag leigast ut til kort- og langtidsleige.  Nederlendarane var eit kjærkome bidrag til vårt  fellesskap. Vi er fortsatt like interessert i å få nye innbyggjarar, og alle er meir enn hjarteleg velkomne.

For tomt til bustadbygging ta kontakt med grunneigarlaget i Barekstad v/ Terje Bareksten, mob. 47 23 79 92

Nokre har skapt sine eigne arbeidsplass på øya gjennom fiskeri, jordbruk og offentlege tenester som bussrute, post og heimesjukepleie, men dei fleste må pendle til Florø for å finne jobb.

«« Framsida