Kvanhovden Fyr

kvanhovden-fyr2

Kvanhovden fyr ligg heilt nordvest på øya mot det opne havet, og leier båtane inn frå Nordsjøen. Å kome til Kvanhovden er ei spesiell oppleving. Landskapet er mystisk og storslått, der fyret ligg 40 meter over havflata, på ein knaus av runde svarte berg slipt av storhavet i årtusener.

kvanhovden3

Dei spesielle omgjevnadane på Kvanhovden skuldast Nordsjøen sine nådelause herjingar, og den særeigne devonske sandsteinen og konglomerata som utgjer berggrunnen. Fyret ligg på ein liten pynt mellom storhavet og den stupbratte Skorakinna, det høgaste fjellet på øya. I fjellskråninga bak fyret ligg ei djup, mystisk leirhole, “Leirhola”, som har skjult folk i tider med krig og naud.

hus-kvanhovden-5

Fyrbygningen

hus-kvanhovden31

nordsjc3b8lc3b8ypedag

Turfolk på fyret under Nordsjøløypedagen.

rosenrot

Rosenrota veks flittig i fjellsprekkene ved fyret

storesteiner

Utforskning av det mektige landskapet; her turvandring mellom store steinblokker ved fyret

 fyret-6

Fyrlykta med Store-Batalden i bakgrunnen.

fyrlykta-kvanhovden-2

kvanhovden-sol3

kvanhovden-sol1

fyrlykta-tent

Den første veike-lampa vart tent i fyrlykta på Kvanhovden i 1895. I førstninga var fyrmeisteren åleine og budde der heile året med familien sin, men etter 2.verdskrig vart det tilsett fyrassistent og bygt eigen assistentbustad, som det i dag berre er grunnmuren igjen av.

fyrassistentboligen

Assistentbustaden med uthus og fjøs.

Fyrmeistar Wigdel var den siste som budde fast med familie på Kvanhovden og med han vart og gardsdrifta på Kvanhovden avslutta. Karstein Gimmestad frå Rygg, Andreas Strømmen frå Hovdevåg og Einar Skavøy frå Ånnøya var dei siste fyrvaktarane på Kvanhovden før fyret var automatisert i 1980.

kvanhovden2

kvanhovden-solnedgang

Etter solnedgang; Frøyalandet (Bremanger) i nord.

hus-kvanhovden-fyrlys

Lykta blenker over stille hav. Store-Batalden i bakgrunnen.

Det er mogleg å overnatte på fyret, og høyre vinden herje rundt hushjørna og bli dyssa i søvn av fyrlykta sine taktfaste blink. Ei eksotisk oppleving, som absolutt kan tilrådast!

I dag er Kvanhovden Fyr forvaltet av det nyoppretta Kvanhovden Fyrlag som er ei undergruppe av Kinn Kystlag i Florø. Ønsker du opplysninger om leige av fyret ta kontakt med Tone Ulriksen Standal på mobiltlf. 90 13 30 23 eller epost: kvanhovdenfyr@live.no

«« Framsida