Ruteinfo

Rutebåtkaia i Holmen, Barekstad

Øya Hovden har gode rutebåtsamband til Florø på fastlandet. Hurtigbåten går regelmessig i rute til øyane i Florabassenget, med 5-6 anløp på kvardagar, og noko skjeldnare i helgane (Rutetabel). Båtturen er komfortabel og tek 30 min med dei kortaste rutene og ein får nyte den vakre skjærgarden på vegen. - Frå Florø går det ekspressbåt til Bergen og med samband til Ålesund, forutan bussruter og direktefly til Bergen og Oslo. Til dømes kan du reise med fly frå Oslo og komme til øya om lag kl. 21.00 same kveld.

Kart som viser båtrutene fra Florø til øyane i nordre basseng

Barekstad er hovudstoppestad på øya.  Domba har begrensa rutetilgang i sommerhalvåret. Våren 2008 stod eit nytt kaianlegg med eigen fergelem og stor parkeringsplass klar i Barekstad. Dette vil saman med bilførande hurtigbåtar gjere det lettare å ta seg fram og tilbake frå øya med bil. Vi håper dette skal lette kvardagen for dei fastbuande og at dette skal lokke fleire turister til å sjå og oppleve den fine øya vi har. - NB: Det er viktig at man ringer til Fjord1  og tinger plass til bil i god tid på forhånd, hvis man ønsker å være sikker på å få med seg bil på ønska ruteavgang til øya.

Hurtigbåten “Øyservice” ankommer Barekstad

Elles vil vi tilråde folk å ta med seg sykkelen når ein vil ta ein tur til øya. Her er omlag 10 kilometer med grusvegar som gir fine sykkeltur opplevingar.

«« Framsida