Hovdendagen 2018

Nordsjøløypedagen på Hovden er sett til søndag 03  juni 2018 . I samarbeid med Flora Turlag inviterer bygdefolket på øya Hovden alle velkommen til vandring og turgåing i dei ulike  Nordsjøløypetraseane på øya.  Den som vil, kan ta med seg sykkel og ta seg fram på grusveiane på øya.  Ein kan  gå på eigen hand om det er eit ynskje.   Det vert guida tur til Domba og til Kvanhovden fyr.  Ein kan også ta traseen over fjellet mellom Hovdevåg og Barekstad med guide. Denne traseen gjev utruleg fin utsikt, men er noko meir krevande. Det vert satt opp transport frå  Barekstad til Hovdevåg for dei som vil gå til fyret.  I Barekstadtun, like ved  rutebåtkaia i Barekstad er det åpen kafè i grendahuset heile dagen med sal av betasuppe, kaker og kaffi.

Båtavganger kjem vi tilbake til når det nærmer seg dagen.

Vel møtt!

«« Framsida