Jonsokbål

Jonsokfeiring 25.06.16 Foto: Janne Bareksten

Jonsokfeiringa hadde vi på laurdag 25.06.16 pga vind og ver.  Det klarna opp og vi fekk fint ver under tenninga på bålet om kvelden.  Etterpå var det servering av rømmegraut  med tilbehør i grendahuset.  Det var fult hus og god mat. Vi takker dei flinke damene som stadig stiller opp på kjøkkenet i Barekstadtun, så vi kan ha det hyggeleg i lag.

Foto: Sølvi Bareksten

Vêrgudene viste seg frå si beste side på jonsokkvelden.  Vindstille og relativt varmt vèr ga oss mogelegheit til å grill og kose oss i solnedgangen på kaikanten i Holmen.  Praten gjekk livleg og folk hadde det hyggeleg.

«« Framsida