Hovdesongen

(Melodi: I roslagens favn)

Ytst ute mot Nordsjøen ligg det ei øy og vaktar mot havet i vest.
Her bur ikkje menneske, mann eller møy, som ikkje ved havet er fest.
For her er dei fødde og her vaksne til, ved sjø mellom brenning og brot.
Om sjøen er blid eller om han er vill, dei kjenner seg heime i båt.

Kvanhovden kastar sitt lys vest i hav, der brenningar havbåra bryt.
Og Aralden innafor lutar seg lav, for stormar som brølar og ryt.
Barekstad på solsida smiler so blidt og hamn gjev til mangen ein båt.
Frå høgaste Skorakinn skodar ein vidt, dit Hornelen reiser seg brått.

Frå havet får folket mest det dei treng til, men inkje dei får utan strid.
Ein fyller’ kje båten med laks eller sild, om ikkje ein brukar sin flid.
Kvar fiskar frå øya er kjend som ein mann som brukar med kunnskap sin båt.
Sjølv jenter der heime kan gjeva ei hand og skvett ikkje om dei blir våt.

v. Johs. Sundvor

«« Framsida