Sendingen II: Legendarisk rutebåt med spesiell historie

sendingen4.JPG

Sendingen II er ein av dei mest legendariske rutebåtane i Sogn og Fjordane. Hovden Ruteselskap dreiv privat rutefart mellom Bremanger og Bergen med båten frå 1929 til 1942. På biletet stå reiar og skipper Kristoffer Hovden på bruvengen på Sendingen II tidleg på 1930-talet. Guten på armen hans er truleg barnebarnet Sigurd Alne, og den eldre kvinna er truleg mor til Kristoffer, Juditta Hovden. Foto utlånt av Haldis Nilsen til “Båtar med sjel II” (sjå nedanfor).

Få båtar som har gått i rutefart i Sogn og Fjordane har hatt ei så lang og mangslungen historie som “Sendingen II”. Kutteren var bygd som ishavsskute på Møre i 1917 med namnet “Isstjernen”. Ved nyår i 1924 forsvann åtte mann frå båten, som vart funnen drivande folketom på Romsdalskysten. Kristoffer Hovden frå Hovdevåg i Kinn kjøpte båten i 1927 og sette han i privat rute mellom Bremanger, Florø og Bergen. Under krigen tok Fylkesbaatane over ruta og leigde båten til rutefart over store delar av Sogn og Fjordane i tretti år. I 1973 vart “Sendingen II” seld ut av fylket og fekk eit omflakkande tilvære før veteranen gjekk til botnar i Nordsjøen i 1983.

“Sendingen II” heitte opphavleg “Isstjernen” og vart levert frå Vestnes Skipsbyggeri i Romsdal i januar 1917. Det var ei kravellbygd og solid ishavsskute på 58 fot med ei breidd på 18 fot og ein 55 hestekrefters Grei-motor. Kutteren var bygd for Fugleberg & Tøsse i Ålesund, som var eit av selfangstreiarlaga på Sunnmøre som hadde drive lengst. Mot slutten av første verdskrigen var det fleire båtar som deltok i selfangsten enn nokon gong – dette på grunn av vanskane med å drive anna fiske, med minefare og avsperra havområde. “Isstjernen” var ei av over 70 selfangstskuter frå Sunnmøre som drog på feltet sommaren 1918.

Det vart med denne eine fangstsesongen for MK “Isstjernen”. Frå vinteren 1919 til 1922 dreiv båten berre fiske. I 1923 gjekk Fugleberg & Tøsse konkurs, og Herøy og Leikang Bank overtok kutteren. Same året vart “Isstjernen” kjøpt av Gerhard Gjerde og Olav Thorseth i Tjørvåg. Dei heldt fram med å drive fiske med båten. Utanfor sesongen dreiv dei også fraktfart, og dei tok dessutan med passasjerar.

I desember 1924 tok eigarane til å gjere “Isstjernen” klar for vintersildfisket. “Isstjernen” hadde ein liten færing om bord, som dei brukte når dei skulle laste varer der det var grunt. Færingen var også tenkt som livbåt. I romjula skulle “Isstjernen” til Ålesund for å hente noko salt til eit røykeri i Aurvåg ved Tjørvåg. Om ettermiddagen 28. desember la kutteren frå kai i Aurvåg. Mannskapet var seks unge karar i alderen 16 til 24 år, men fleire av dei var erfarne folk på sjøen. Skipper var Johan Nygjerde. I tillegg hadde dei med ein godt vaksen mann på 40 år og ein unggut på 14 år som passasjerar. Vêret var fint med snøbyer.

På føremiddagen den 29. desember oppdaga folk på Harøya på Romsdalskysten eit fartøy utanfor øya, med kurs rett mot nokre fall. Skipper og mannskap på motorbåten “Remmen” heldt på å gjere klart for sildefisket. Dei kasta straks loss og drog ut til det drivande fartøyet, sette ut lettbåten og kom seg om bord. Det var ikkje eit menneske om bord. Akterut og i lugaren brann ei parafinlampe, og mat og kaffikrus stod på bordet. Færingen som var lettbåt var borte. Dagboka i styrehuset viste at båten var “Isstjernen”. “Remmen” tok kutteren på slep og berga han inn til Steinshamn med mykje slit.

Då “Isstjernen” vart nøgnare undersøkt, synte det seg at eit veivlager var utbrent. Det var tydeleg at mannskapet hadde arbeidd med å reparere og starte maskina. Startflaskene var tomme for luft. Begge ankera var borte, og kjølen var broten på to stader. Livbelta låg att, og naudblussa var urørte. Koffertane til dei fleste om bord var borte. Det vart sett i gang ei storstila leiting etter dei åtte sakna, men ingen av dei vart funne. 3. januar fann ein vrakrestar etter ulukka på Synnes på Vigra: Delar av ei færingrip, to årar, ein handkoffert og tre huer.

Den offisielle forklaringa var at “Isstjernen” mest truleg hadde fått motorstopp i Breisundet sør for Ålesund, og deretter hadde båten drive nordetter vest av Godøya. Då dei som var om bord oppdaga at båten dreiv mot nokre fall, hadde dei truleg gått i livbåten. Andre har meint at “Isstjernen” må ha forandra kurs og gått nordover frå Breisundet for eiga maskin. Strekninga frå Breisundet til Harøya er for lang til at båten skulle drive så langt i fint vêr. På eit kart i styrehuset var det streka ei krysspeiling ved Erkna fyr utanfor Vigra. Mange rykte oppstod. Ifølgje ein avisartikkel skulle “Isstjernen” ha blitt borda av eit tysk smuglarfartøy som ville ha kutteren til å ta med sprit inn til Ålesund. Då skipper og mannskap nekta, skulle dei ha blitt tekne av dage. Ein tyskar som låg for døden på sjukehuset i Molde skulle ha vedgått å ha vore med på dette.

I ein artikkel i Firdaposten i 1972 skreiv ein av dei seinare eigarane av båten – Ragnvald Hovden – om den gåtefulle historia til båten. Han hadde snakka med to av dei som var med og berga “Isstjernen”. Dei fortalde at i kahytta akter låg det kart som synte at dei hadde fått maskinskade i Breisundet. Det var sett ut fleire peilingar som synte at dei nærma seg eit fall. Ankerkjettingen var kappa i klysset, og det eine ankeret var borte. Dei som var om bord må ha gått i livbåten og komme bort. “Isstjernen” må ha gått over fallet og drive vidare nordover. To år etterpå fann ein seinotfiskar eit anker på denne grunnen, og etter nummeret på ankeret hadde det tilhøyrt “Isstjernen”.

I privat rutefart Bremanger–Bergen
I 1925 sette eigarane inn ein ny 60 hestekrefters Finnøy-motor på “Isstjernen” og heldt fram med fiske med båten. Olav Thorseth vart eineeigar og overførte same året båten til Ålesund Kreditbank. 25. juni 1927 var det auksjon over kutteren i Ålesund. Ein kar i salen baud 12 000 kroner for båten og fekk tilslaget.

Kjøparen var Kristoffer Hovden frå Hovden – den nordlegaste av øyane i Kinn kommune. Kristoffer Hovden var ein av kystens hovdingar og pionerar i si tid. Han var fødd i 1874 i Hovdevåg, og miste både faren og ein bror på sjøen. Alt i niårsalderen måtte han gjere vaksen manns arbeid for ein gardbrukar i Botnane som var blitt sjuk. Som femtenåring starta han i fiskaryrket, og han var den første i distriktet som skaffa seg motor på båten sin. Dette var i 1906. Båten heitte “Fremad”, og motoren var ein fire hestekrefters Alpha.

I 1917 kosta Kristoffer Hovden seg ein kutter på 56 fot som fekk namnet “Sendingen”. Båten hadde ein totakts Grei-motor og lysanlegg. Lyset om bord vekte stor oppsikt under sildefisket på Nordmøre den vinteren. Men å basere seg berre på fiskeri var usikkert i åra etter første verdskrigen. I 1921 starta derfor Kristoffer Hovden ei lasterute mellom Bremanger, Florø og Bergen. Denne ruta gjekk han med “Sendingen” to gonger i veka. Då kosta det kroner 2,70 å reise til Bergen med båten.

Nyebåten som Kristoffer Hovden kjøpte i Ålesund, kom til Hovden i juli 1927. Første tida dreiv han fiske med båten. Men i 1929 bygde han “Isstjernen” om til rutebåt for last og passasjerar og gav kutteren namnet “Sendingen II”. Han sette båten inn i same ruta frå Bremanger til Bergen. Stoppestader nordover frå Florø var Hovden, Kalvåg, Novelandet, Ryland, Iglandsvik og Hauge i Bremanger. Sør før Florø stoppa båten mellom anna på Tansøya, i Askvoll, i Sauesund og på Grytøyra.

Etter nokre få ruteturar fekk Kristoffer Hovden bygd nytt overbygg på “Sendingen II”. I 1936 vart rutebåten forlengd frå 70 til 80 fot, og salongen vart påbygd. I 1940 skifta båten maskin for andre gong og fekk sett inn ein ny Finnøy-motor som ytte 168 hestekrefter.

Billettprisen til Bergen med “Sendingen II” var fem kroner for éin veg. Då fekk passasjerane kaffi og køyplass om det var ledig. Både skipper og mannskap lånte ofte ut sine eigne køyer. Lønsemda for reiaren var nok ikkje alltid like god. Var det lite last med frå Bergen på ein tur, tok han med kol i sekker og selde til handlande på stoppestadene nordover. For dette tok han 50 øre i frakt og avanse.

Eit par somrar prøvde Kristoffer Hovden seg også med ein ekstratur frå Bergen til Grotlesanden i Bremanger med badeturistar. Då gjekk “Sendingen II” frå Bergen laurdags kvelden og kom til Grotlesanden søndags morgon, med retur til Bergen søndags kvelden. Men oppslutninga om turane var veldig avhengig av vêret, og denne ruta vart ikkje nokon suksess. I 1930 gjekk “Sendingen II” ein ekstra tur til Trondheim i samband med 900-årsjubileet for Olav den Heilage og den store utstillinga i Trondheim dette året. Då hadde ein laga til køyer også i lasterommet og sett ein ruff med nedgang over luka.

Kristoffer Hovden var ein driftig mann med mange jern i elden. Rundt årsskiftet 1928/29 kjøpte han også ein motorskonnert bygd i tre i 1919, som han gav namnet “Hellefjord”. På veg til Austersjøen med ei last koparkis frå Thamshavn i april 1929 sprang “Hellefjord” lekk ved Oksøy fyr utanfor Kristiansand. Dei dreiv så langt sørover at dei såg lyset frå Hanstholm fyr, før vinden snudde, og dei dreiv nordover att til Oksøy. Då var mannskapet så utslitne av pumpinga at dei forlét “Hellefjord”, som dermed gjekk ned.

I 1935 kjøpte Kristoffer Hovden ein eigedom på Kalvøya i Kalvåg og bygde opp eit anlegg for salting og ising av vintersild. Anlegget var i full drift også i dei gode sildeåra på 1950-talet. Tidleg på 1980-talet kjøpte Domstein & Co. i Måløy Hovden-anlegget og bygde eit nytt og moderne sildeindustrianlegg på området.

Mannskapet på “Sendingen II” var det same i mange år. Kristoffer Hovden og sonen Ragnvald var skipper og styrmann. Sigmund Buarøy var maskinist og vide kjend for den flotte maskina med lysegrå måling og glinsande røyr. Anfinn Bauge var stuert, og Asbjørn Hovden og Lyder Svortevik var dekksfolk. Båtsmann var Ole Bareksten. Han skulle halde orden på lasta og passe på at last til t.d. Sauesund og Tansøy ikkje låg under last til Kalvåg og Bremanger. Ein gong kom det til konflikt mellom skipper og båtsmann, og sistnemnde vart jaga i land akterut. Men han gjekk om bord att framme … Etter ei tid vart dei to vel forlikte att.

“Sendingen II” hadde maskintelegraf frå styrehus til maskinrom. Ein gong båten skulle leggje til i Bremanger, var han som stod i styrehuset uheldig og slo forover i staden for akterover på telegrafen. Rutebåten skura kraftig fram langs sida på ei listaskøyte som låg ved sjøbua. Men skøyta klarte seg og gjekk seinare til England med flyktningar under krigen. Elles var dei flinke navigatørar på “Sendingen II”. Båten gjekk visstnok på grunn berre ein gong – det var på Langeskjera sør for Kalvåg rundt 1950.

I fart for Fylkesbaatane
Den 9. april i 1940 låg “Sendingen II” i Bergen. Tyskarane tok båten i første omgang og la han ved Marineholmen. Men Kristoffer Hovden fann seg ikkje i noko slikt av okkupantane. I ein månads tid låg han i krangel med tyskarane før han fekk båten sin attende. Då var “Sendingen II” ribba for alt inventar, mellom anna sengeklede til 38 køyer. Men Kristoffer Hovden kunne notere seg som første sigerherre over tyskarane i andre verdskrigen, som det stod i ein artikkel om han i Firda Folkeblad då han fylte 90 år …

Ein gong hadde ein tysk marinebåt lagt seg på den faste kaiplassen til “Sendingen II” i Askvoll. Då gjekk Kristoffer Hovden fram på sida av marinebåten med sin båt, slo opp ruta i styrehuset, og med tordenrøyst gav han tyskarane beskjed om å komme seg derifrå. Og “Sendingen II” fekk komme til kai…

Utover i krigsåra vart det stadig vanskelegare å halde motorbåtar i rutefart, på grunn av oljemangel. Kristoffer Hovden måtte gje opp rutefarten i eigen regi. I mars 1942 gjekk “Sendingen II” inn i rutefart for Fylkesbaatane. I første omgang heldt båten fram med same ruta som før. I dei første etterkrigsåra gjekk “Sendingen II” i lokalrute Florø–Svelgen–Bremanger – fram til Fylkesbaatane sin nybygde MS “Hennøy” overtok i 1957. Då var det komme veg fram til den gamle gjestgjevarstaden Smørhamn ved Frøysjøen, og båtstoppet for Bremanger vart flytta dit. Seinare gjekk “Sendingen II” i rute fleire stader i Sogn og Fjordane.

Son til Kristoffer Hovden, Ragnvald Hovden, overtok som skipsførar i 1942 og som eigar av båten i 1950. I 1952 overtok Ragnvald Hovden leiinga av sildeanlegget i Kalvåg, og etterpå var det fleire som førte “Sendingen II”.

Ludvig Grytten i Florø var mannskap på båten dei siste 6 ½ åra “Sendingen II” høyrde heime i fylket, og han var maskinist om bord i fem år. I desse åra fram til 1972 gjekk båten i ordinær rute på Høydalsfjorden i Flora og seinare på Bulandet og Solund. Sommaren 1972 var “Sendingen II” avløysingsbåt i bygderutene i ytre Sognefjorden for “Bjørghild”, “Eitrheim” og ????????. Hausten 1972 var “Sendingen II” på sildesalting på Helgeland.

– “Sendingen II” var ein utruleg god sjøbåt. Dei åra vi gjekk på Bulandet måtte vi berre ligge i ro ein og ein halv tur på grunn av vêret. Båten var blitt veldig djup på grunn av det tunge styrehuset – han hadde sikkert sige ein halv meter. Ein gong bakka vi i ei kai og knuste hekken. Då vi skulle hive den øydelagde hekken på sjøen, var han så tung at båten heldt på å kantre. “Sendingen II” letna to og ein halv tomme på hekken då vi fekk på ny hekk, fortel Ludvig Grytten.

Våren 1973 selde Ragnvald Hovden “Sendingen II” til Lars Nersund i Sandnessjøen. Kjøparen hadde gått i leigefart for Helgelandske Trafikkselskap i tjue år, og han sette båten i rute mellom Sandnessjøen og bygdene omkring med passasjerar, mjølk og anna last.

På grunn av ruteomleggingar og rasjonalisering var “Sendingen II” blitt overflødig i Fylkesbaatane, så no var det ikkje anna råd enn å selje. Ragnvald Hovden hadde fleire tilbod på båten, også frå England og Sverige. Men det var kanskje ein viss sentimentalitet – eller respekt for tidlegare og tilvand frakt, som gjorde at han gjerne såg at “Sendingen II” heldt fram som rutebåt. No vona han at folket der ville ha glede og nytte av båten i mange år. Det er ikkje utan vemod ein skil seg med ein slik farkost, sa Ragnvald Hovden til Firdaposten då han skulle dra med den tidlegare båten sin nordover til dei nye eigarane.

“Sendingen II” gjekk i rute på Helgeland fram til våren 1979. Då vart båten kjøpt av Søndeled Veteranskibsklub i Søndeled ved Risør. Klubben betalte 45 000 kroner for båten. Dei kom sørover med båten i påskehelga. I Frøysjøen brende dei veivlageret og måtte ha hjelp. Nils Arild Hovland ved hamnekontoret i Florø visste om eit veivlager for akkurat same type Finnøy-motor, som låg i Eikefjord. Ludvig Grytten sette det inn og følgde båten vidare til Askvoll, kan han fortelje.

Seinare vart “Sendingen II” seld til utlandet. Båten fekk si endelykt påska 1983. Då var han på veg over Nordsjøen frå Skottland – visstnok med ei god last med brennevin. Litt vest av midtlinja sprang båten lekk og gjekk ned. Dei som var om bord vart alle berga av den skotske kystvakta. Slik fekk den legendariske “Isstjernen” og seinare “Sendingen II” sin siste kvilestad midt i Nordsjøen.

Artikkelen er skrive av Magnus Helge Torvanger. Artikkelen og bileta har stått i boka “Båtar med sjel II” utgjeve på Selja Forlag i 2007.

«« Framsida