hovden-barekstad.no

Glimt frå Veikingkonvoien i Barekstad – fredag 27.juni 2008

Tekst og foto av Per Godø

Veikingkonvoien samla i Hellefjorden på veg til Barekstad

Omlag åtti båtar og vel fire hundre mennesker var samla til den fyrste Veikingkonvoi-festen på Barekstad. Entusiastiske båtfolk, bygdefolk og feriegjester i alle aldre fann fort tonen i finværet og ei god avslappa stemning la seg etter kvart som båtane hadde funne plassen sin på indre Barekstadvågen.

Båtane kjem sigande inn på Barekstadvika

«Nupengavlen» fremst

Gunnar Anderson og Sisca Broeils fra arrangementkomiteen helsar konvoileiar Nupen med mannskap velkommen til Veikingkonvoifest

Konvoileiar Nupen sin «Baltanskjær» var hedersgjest ved privatbrygga

«Baltanskjær» ved flytebrygga

Båtane har lagt til kai i Holmen

Tid for å slappe av og nyte finværet

Berre glade folk på jobb

Det er god plass til både store båter og små båter i Holmen

Folk nyt ettermiddagsola i båtane

Ein samansveisa gjeng i «felles Veikinguniform» !

Søstrene Benedikte og Pia for første gong i Barekstad – og storkoser seg !

Holmen i Barekstad

Det var rigga til med grilltelt og langbord på den nye store ferjekaia på «Holmen», og i den gamle sildesaltebua til Kåre Gregoriussen var det bar med servering av ulikt drikke. Mange av «veikingane» oppholdt seg lenge i båtane i fineværet, men mange tok seg også tid til å rusle rundt og bli kjend med bygdefolket og dei mange som var med og jobba for at arrangementet skulle bli vellukka.

Sommarkveld på inste Barekstadvika

Kan man ha det betre ut i «havgapet» ?

Sola skein lenge utover kvelden ved «Skarabua» i Barekstad

Parti frå «Skarabua»; med Skulehuset, Smelværtunet og Skaret i bakgrunnen

«Holmabua» – bygd som sildesaltebu i 1917 av Georg Gregoriussen

Nokre har forberedt seg for overnatting i telt på marka ved «Vikatun»

Kveldstemning på kaia i Holmen

Mat og drikke fekk ein kjøpe utover heile natta i grillteltet på parkeringsplassen

… og kaffi kunne ein nyte frå baren i Holmabua

Baren i Holmabua

….. mens andre fekk seg eit ufrivillig bad i sjøen !

Vaktene passer på at alt går sømmelig for seg inne på festområdet

Knut Hjermann underholder på gitar

Vakker stemning i flytebrygga då sola gjekk ned i nord

Ut på kvelden samla folk seg i Holmabua 

…. og det vart spelt opp til dans i notbøterommet med «Bandits» fra Svelgen.

Ut på natta vart det servering av betasuppe i baren og grillmat i teltet som vart godt moteke av svoltne «veikingar» .

Sissel serverer betasuppe frå baren i Holmabua

I god tradisjon var det mange som heldt festen gåande i båtane utover den lyse sommernatta. Fram på morgenkvisten vart det servert frukost i Holmabua for dei som ynskte ein god start på dagen.

Det var berre godord å høyre om arrangementet frå alle og båthorna tuta då veikingane la frå land og samla seg på veg ut Barekstadvika og kryssa Hellefjorden til vidare konvoifest på Fanøy i Batalden.

Takk for denne gongen og velkomne att vyrde veikingar !

Trykk her for fleire bilder fra Veikingkonvoien.