Hovden «på sitt beste»

Ein har lov å bruke store ord etter turen til Hovden på søndag 23. august der Hagelaget, Turlaget, Florø Seilforening og Grendelaget på Hovden prøvde ut det nye samarbeidskonseptet sitt.

hagedag-3
Folk på veg til hagevandring på Kjetangen (Foto K. Godø).

Ingen hadde rekna med ei slik interesse då dei laga prognosane for deltaking. Om lag nitti menneske kjempa om plassane på skyssbåtane til Hovden, og med større kapasitet hadde ein glatt kunne ha frakta 110 menneske til Kjetangen der Berit Steen og Kjartan Godø tok i mot i hagen og atelieret sitt. Dei fleste hadde nok ikkje venta å finne ei slik perle i havgapet bygd opp over tid med innsikt i og kjærleik til grunnelementa og samspelet med dei. Og då kaffien og gjærbaksten saman med spreidde solglytt senka ro og velvære over dei mange sitteplassane, vart dette paradis på jord.

hagedag-4
Hage med sjel på Kjetangen (Foto F-A. Grøneng).

ridderspore
Ridderspore.

hagedag-2
Kaffimat servert i atelieret (Foto K. Godø).

Men dagen hasta vidare, for det var fleire opplevingar i vente. Over halvparten av deltakarane sette kursen vestover mot Domba og Kvanhovden fyr med Sissel Strømmen frå Turlaget i spiss. På fyret vanka der kaffi og vaflar hos vertinna Tone Ulriksen Standal.

lyngheia
På veg fra Domba til fyret stod purpurlyngen i full blomst i naturens egen hage (Foto P. Godø).

blaklokker-kvanhovden
Blåklokker i Kvanhovden (Foto P. Godø).

Etterkvart kom sola fram, og ein varm, frisk bris skuva turfolket vidare mot Hovdevåg der øyfolket hadde løyst køyredoningane sine for å frakte gruppa til Barekstad og ventande fiskesuppe i grendahuset.
Resten av turdeltakarane drygde turen frå Kjetangen mot Barekstad i hagen til Anne Greta Godø som og har laga ei perle mellom skråstilte lag av devonsk sandstein som tiggar om å verte kreativt utnytta. Denne gruppa fekk god tid i Barekstad til å drøse ved matborda og ta kortare turar til Vemannsrøysa, høgdedraget ovanfor bygda, og avstikkarar på sjarmerande grusvegar i området.

fiskesuppe-i-skulehuset
Fiskesuppe vart servert i skulehuset.

matprat-skuleplassen
Matprat på skuleplassen.

På heimturen til Florø vart det kamp om plassane på dei to seglbåtane til Seilforeninga, og dei som fekk med seg den avslutninga, opplevde nok eit høgdepunkt.
Så får tida visa om ein lage til liknande turopplegg seinare, for øyfolket på Hovden likar besøk. Det garanterer kjensla av gjestfridom og dugnadsånda for som gav dei besøkjande frå heile Sunnfjord ein topp søndag.

Ref: Fred-Arild Grøneng, Flora Hagelag