Nytt sanitærrom i «Holmen»

Sanitærrom for reisande

Foto: Janne Bareksten

Hurra! No er sanitærrommet i «Holmen» på rutebåtkaia i Barekstad ferdig, og klar til å verte teke i bruk av reisande til og frå øya.  Det har vorte eit stort og fint sanitærrom.

Her er det to store toalett.  Det er lagt til rette for rullestolbrukarar og andre funksjonshemma.  I tillegg er det eit dusjrom med myntautomat. I gangen er det tilrettelagt for tilkopling av vaskemaskin, men Grendalaget har ikkje fått denne på plass enno.

No kan bygda tilby eit flott sanitæranlegg til alle som besøker øya, anten med eigen båt eller med rutegåande transport.  Vi håper anlegget vert godt motteke og at ein gjer sitt beste for å halde det reint og ryddig til nestemann  kjem innom bygget.

Samtidig vil Grendalaget takke sambygdingar og andre som har arbeidd dugnad og lagt ned  arbeidstimar gratis, for at bygda skulle få dette prosjektet i mål.  Her har mange flinke og flittige  arbeidshender utført flott arbeid.  Det er 5 år sidan første del vart utført på anlegget, men vi kom i mål til slutt.  Takk til pengestøtten frå fylket, Sparebanken og andre støttespelerar.