Årets veikingkonvoi i Barekstad, juni 2014

kopi-av-dsc00366

Foto: Victoria Ekseth og Sølvi Bareksten

Sommervèret viste seg frå si beste side då Veikingkonvoien vitja øya vår og gjorde strandhogg i Barekstad.  Der hadde grendalaget med hjelp frå vennar, slektningar, hyttefolk og andre, gjort sitt ytterste for at konvoien skulle få best muleg service.  Det hadde då vore dugnad i 2 veker forut og planlegging i  fleire månadar.  Bygda hadde forberedt seg godt og det meste gjekk bra.  Når  også vèrgudane viste seg frå si beste side, kan vi ikkje anna enn sei at arrangementet var vellukka.   Det var nok av både mat og drikke og ingen hadde grunn for å reise svolten heim.  Dansemusikken var god og dei aller fleste var fornøyd.   Takk til alle som var med og brakte dette arrangementet i hamn og samtidig  inntektsbringande for grendalaget. Takk til vertskapet som lot oss få bruke eigendommen i «Holmen» for avvikling av arrangementet.