hovden-barekstad.no

DUGNAD I MAI OG JUNI 2021

Det var stor aktivitet av bygdefolk ved Vikatun og Barekstadtun den siste helga i mai og første helga i juni 2021. Begge leilegheitane i Vikatun vart vaska ned frå tak til golv. Alle skuffer og skap. Eldhuset ved Barekstadtun vart grundig rydda. Kjellaren i Barekstadtun vart nedvaska. Første helga var det litt dårleg ver til å male, men terrasser, rastebord og steintrapper vart høgtryktspylt. Leikeapparat vart vaska ned.

Første helga i juni, var det varmt og det vart ved Vikatun beisa terrasser og rastebord. Malt rekkverk. Ved Barekstadtun beisa ein leikeapparata og rasteborda. Malte opp under taket ute. Bygdefolket la ned mange timar for å få det finare og hyggelegare ved leileigheitane og grendahuset. Det er fortsatt ein del som kunne ha vore utført av vedlikehold, men so få mennesker som vi er i grenda, er vi stolte av det som er gjordt.