Asfaltering av vegstykke fra Barekstad mot Hovdetræ

Mandag 12.september vart ein historisk dag for folket på øya Hovden. Då vart det første kommunale vegstykke på øya Hovden lagt under asfalt. Flora Kommune har i første omgang løyvt omlag 300.000 kr. til asfaltering av eit ca 1 kilometer langt vegstykke som går frå Holmen i Barekstad og over høgdedraget og ned på flata ved Flytningsvågen i Hovdetræ. På sikt er det meint at fleire vegstykke skal bli asfaltert på øya, når kommuneøkonomien tillater det. Øya har omlag 10 km veg.

m_asfaltering-i-barekstad-32

Asfalt legges ut frå lastebilen i en “asfaltutlegger” og kompakteres deretter med ei valsemaskin.

m_asfaltering-i-barekstad

Programmet for “Hovdendagen” søndag 5. juni er følgande:

hovdendagen-2011-front-program

Les meir

Bru over elva i Dal

Søndag 12. september vart trebrua over elva i Dal ved Kvanhovden ferdig. Det har vore lenge tenkt på at det måtte lagast bru over elva på grunn av at Nordsjøløypetraseen går her og det har vore periodevis vanskeleg å komme over for turgåarar i alle aldrar. Brua er omlag 6 meter lang og 1 meter brei og er laga av to gamle telefonstolper frå Barekstad og Nord-Hovden og 40 meter med ferdigoppsagde terrassebord. Arbeidet er gjort på dugnad mens material kostnadane er utgiftsført på Nordsjøløypebudsjettet.

Vi spår at dette vert ein fin stoppestad for turfolk …. !

dal1

Per og Kjartan tilpasser og spikrer sammen brua. Les meir

Nordsjøløypedag på Hovden

 

 

dscf4363-kopi

Foto:  Sølvi Bareksten

Nordsjøløypedagen 6 juni 2010 vart avvikla i godt turvèr.  Grendalaget håper at mange av dei som valde å bruke søndagen her ute på øya, var fornøgde og at dei ynskjer å komme tilbake ved eit seinare høve.  Nordsjøløypedagen, har grendalaget bestemt, skal avviklast første helga i juni, så velkommen neste år.

Turfolk likar seg i Nordsjøløypa på Hovden

Tekst av Per Godø

Turbøkene på Hovdenøya som har vore utlagde i tida 10. mai til 14. oktober i år er no samla inn og viser særs hyggelege besøkstal. Det er registrert 824 turgåarar totalt, noko som er ein auke på omlag 20% sidan i fjor.

dalen

Les meir

Hovden “på sitt beste”

Ein har lov å bruke store ord etter turen til Hovden på søndag 23. august der Hagelaget, Turlaget, Florø Seilforening og Grendelaget på Hovden prøvde ut det nye samarbeidskonseptet sitt.

hagedag-3

Folk på veg til hagevandring på Kjetangen (Foto K. Godø).

Les meir

Flott vær og god oppslutning om vandring og opplevingar i Nordsjøløypene på Hovdendagen søndag 7. juni 2009

Tekst: Kjartan Godø

domba

Turfolket nyt utsikta mot Domba.

Omlag 80 tilreisande kom på land på Barekstad kai kl.10 søndag i vakkert sommarver. Les meir

Stor oppslutnad om Nordsjøløypa på Hovden i 2008

Tekst av Per Godø

Turbøkene som vart lagd ut langs Nordsjøløype-traseane på øya i vår er no samla inn og det viser seg at 680 personar har skreve seg inn i turbøkene i perioden frå 10. mai til 12. oktober i år. Dette er særs hyggelege tal som viser at den største øya i Flora kommune er eit ettertrakta turmål.

Turgåarar som skriv seg inn i turboka i Domba på den årlege Hovdendagen i vår.
Les meir

160 lam og sauer levert til slakteriet i Førde

Tekst Per Godø, Foto Kjartan Godø

Omlag 160 lam og sauer vart henta i bil av Førde Slakteri på Barekstad torsdag 23. oktober.

Les meir

Pensjonist-treff på Barekstad - søndag 14.september

Tekst: Per Godø, Foto: Sissel Godø

  

44 pensjonister frå Flora Pensjonistlag kom søndag ettermiddag i fint vær med rutebåten til Barekstad for sosialt samvær og omvisning på øya.

Les meir


«««