Grasrotandel

Grendalaget er registrert i Brønnøysundregisteret i grasrotandelordninga. Alle som tippar kan altså gje opp organisasjonsnummeret til Barekstad/Hovdevåg Grendalag. Då får Grendalaget ein sum for kvar einskild som tippar.  

Dette kan vere med å gje oss i Grendalaget  kjærkomne pengar.  Det er alltid behov for midlar til faste utgifter eller andre prosjekt som vi har på gang.  Vi utfordrar alle fastbuande,  alle som er utflyttarar frå øya og andre som har tilknytning til oss her, om å nytte denne ordninga.  Sjølv om du ikkje vinn kvar gong kupongen vert levert, veit du i alle fall at du  har støtta oss her på øya.  Det vert vi veldig takksame for.

Husk org. nr. 988 116 432 eller gje opp « Barekstad/Hovdevåg Grendalag» neste gong du leverer tippekupongen.