Grendalaget ynskjer alle ei god påske 2021.
Det har vore eit underleg år 2020 med covid 19 og som har forsatt i 2021 og som gjer at grendalaget ikkje kan vere so aktiv som vi gjerne ville. Dette har resultert i at vi ikkje har kunne hatt årsmøter og redusert styremøter til eit minimum.
Vi har kanskje ikkje vore flinke nok med å sende ut opplysninger på digital vis heller. Vi har avlyst basarar og Hovdendagen 2020. Vi har ikkje kunne arrangert 17. mai, jonsokfeiring eller andre samkomme.
Grendalaget må som alle andre prøve å holde regler og normer som kjem frå myndigheitene, sjølv om det ikkje alltid er lett å holde seg oppdatert. Vi vil prøve å holde ein digital basar i løpet av våren-sommaren, men vi har ikkje satt noko dato enno.
Vi må prøve å få litt inntekt til grendalaget, som kan vere med å dekke faste kostnader framover .
Håper det er muleg å holde eit styremøte etter påske, kor vi kan få bestemt dato for basar. Like eins har vi ein del arbeid som må gjerast i løpet av våren og som vi må ta avgjersle på etter påske.