STRANDRYDDING PÅ ØYA

Foto: Fransisca Broeils

Laurdag 29. april 2023 var det strandrydding på øya vår. Grendalaget fekk melding om at det denne gongen ville komme rundt 90 konfirmanter som skulle på strandrydding. Grendalaget var litt skeptisk til å ta imot so mange konfirmanter på ein gong. Likevel svinga vår sekretær, Mona, seg rundt og fekk mest muleg fastbuande som hadde biler om å stille på kaikanten når konfirmantane kom med ekstra rutebåt. Konfirmantane vart delt opp i grupper og nokre vart sendt med bil til Hovdevåg for å rydde på søre Sildevågen og på stranda på vestsida i Hovdevågen. Nokre vart sendt vestover i bil til “Stranda” for å rydde vestover mot Kittang. Nokre arbeidslag plukka søppel langs stranda i Barekstad. Nokre gjekk til og med over fjellet til Årevika for å rydde, med prest Nydal på arbeidslaget. Veret var ikkje meldt so bra. Kaldt og regn. Vi var likevel heldige med at det kom berre eit par regnbyger medan strandryddinga pågjekk.

Pølse m/ brød og is skulle serverast i grendahuset på slutten av ryddedagen. Her måtte ein dampe pølser både oppe og nede i grendahuset, for å kunne betjene so mange tenåringer på kort tid. Pølsene vart dampa ferdig til flokken kom i retur til grendahuset og det gjekk bra å få “metta” konfrimantane.

Alt i alt gjekk dugnaden bra og vi fekk ein god del plast og anna søppel bort frå strendene.

Takk til alle som stilte til dugnad i form av biler og arbeid for å få gjennomført oppdraget til grendalaget.