Her har dei første turgåarane komme frå Hovdevåg til Barekstad via vegen.
Her er dei vel 90 turgåarane komme over fjellet frå Hovdevåg og til Barekstad. Dei har fått kjøpt seg vafler, kaker og kaffi m.m på kaia og komne om bord i MS Øyservice og MS Skorpefjord, for å reise til neste øy for turgåing.
Her er mesteparten av bygdefolket som stod tidleg opp søndags morgon og stekte vafler, laga kaker og trekte kaffi til turgåarene dette året på “øyane over”. Fotografen, Ingvild, var også med å hjalp til. Takk til arbeidslaget for dugnaden som gav oss nokre penger i kassa til grendalaget.