Sommarbasar laurdag 22.07.2023 kl. 16.00

Her ser dere noko av gevinster til voksne frå ein påskebasar
Foto: Sølvi Bareksten
Her ser ein barnegevinster frå samme basar.

Vi håper at vi på sommarbasaren 22.07.2023 kl. 16.00 i grendahuset, Barekstadtun, kan klare å få like mange fine gevinstar som på bilde av denne påskebasaren. Her er mange flinke damer på øya som strikker, syr og hekler m.m. Vi er heldige i grendalaget som kan få lodde ut slike gevinstar som det er lagt ned mange timar arbeid på. Grendalaget håper at mange hyttefolk og andre, er på øya den helga og kjem innom grendahuset og støtter opp om basaren. I år skal vi prøve å selge kakelodd på vanleg basarbok i staden for lodd med forskjellige farger og bokstaver. Ein kan kjøpe kakelodd samtidig med vanlege lodd til barnebok og voksenbok. Berre at kakelodda kosta kr 10,- stk. Basar er hovudinntekta som skal hjelpe oss til å betale straum, forsikring, kommunale avgifter og alt anna som vi treng for å holde eigedommane ved like. Samt alt anna som vi treng pengar til for å holde vedlike, slik som Nordsjøløypa og leilegheitane i Vikatun.

Vel møtt på basar.