Hovdendagen laurdag 26.08.2023

Foto: Sølvi og Janne Bareksten

Hovdendagen med vandring og opplevingar i Nordsjøløypene på Hovden er lagt til laurdag 26.08.23.

Hovdendagen er eit samarbeid med Flora Turlag og Barekstad/Hovdevåg Grendalag.

Flora turlag tek seg av påmelding og betaling av båtturen utover. Grendalaget møter opp på kaikanten i Barekstad og guider på 4 av trasèane ein kan velge:

Guida tur til Domba, Kvanhovden, Vemannsrøysa og til Store Skorekinna.

Grendalaget stiller med bil/buss til Hovdevåg frå kai i Barekstad.

Retur med vanleg rutebåt som er MS Fjordglytt på laurdagar og går frå Barekstad kai kl 15.45. Vaksne m/barn har førsterett på denne avgongen. I tilfelle full båt, vert det ekstra avgong.

Les om detaljer om turen på Flora Turlag si nettside: Hovdendagen 2023 — Turer og aktiviteter — Flora Turlag (dnt.no)

Grendahuset, Barekstadtun, som ligg like ved rutebåtkaia er open heile dagen inntil siste båt er gått. I grendahuset vert det kafè med kaffe og kaker m.m. Betasuppe vert servert frå ca. kl. 12.00 og utover.

Det vert natursti for born.

I kjelleretasjen på grendahuset vert loppemarkedet opent.

På rutebåtkaia i Barekstad er det sanitærrom med betalingsdusj.

Vel møtt.