Trengereid musikklag kom på besøk til øya vår fredag 06.10.23 og hadde konsert i grendahuset, Barekstadtun. Dei spelte mange fine songar og vi hadde ein hyggeleg ettermiddag med fine musikkinnslag. Etter konserten var det matservering med betasuppe, kaker og kaffi. Dei trufaste damene på kjøkkenet hadde laga ein framifrå middag. Her samla musikklag og bygdefolk seg rundt borda. Samtalene gjekk høylytt og folk hadde det koseleg. Etter at kaffi og kaker også var fortært, hadde grendalaget ei lita utloddning.
Grendalaget takker Trengereid Musikklag for besøket.
Nedanfor er bilete av Trengereid musikklag og dirigent.