Adventskafè i Barekstadtun, 03.12.23.

Foto: Sølvi Bareksten

Adventskafè i Barekstadtun søndag 03.12.23.

Vel møtt til gløgg, pepparkake og kaffi i grendahuset Barekstadtun på søndag 03.12.2023. Det er første søndag i advent. Vi tender juletreet på rutebåtkaia når rutebåten kjem ca. kl. 15,45 og etterpå går vi til grendahuset for sosialt og koseleg samver. Kaffe, gløgg og pepparkake. Tending av første lyset i adventsstaken. Kanskje kan vi vere heldig å sjå ein julenisse også.

Bildet ovanfor er frå eit pynta adventsbord frå eit tidlegare år.

Grendalaget ynskjer alle vel møtt i Barekstadtun!