GOD JUL !

Foto: Sølvi Bareksten

Barekstad/Hovdevåg grendalag vil gjerne få takke alle som i løpet av året 2023 har vore med å støtta grendalaget med å kjøpe lodd, gjeve gevinster til basarane, kjøpt lopper på loppemarked, gjeve lopper til grendalaget, kjøpt mat og drikke på kafè, gjordt dugnad eller på andre måtar støtta grendalaget. Takk til dei som har sett over og holdt vedlike nordsjøløypene. Takk til dei som har leigt i Vikatun. Takk til alle som legg igjen panteflasker i containeren i venterommet på rutebåtkaia eller nyttar dusjen i sanitærrommet. Alle små eller store bidrag, gjev grendalaget større mogelegheit til å kunne holde grendahuset, leilegheitane, sanitærrommet og nordsjøløypa ved like.

Ovanfor er det bilde av eit pynta adventsbord frå søndag 03.12.2023 i Barekstadtun.

GOD JUL OG GODT NYTTÅR TIL DERE ALLE!