SOSIALT MED DUGNAD.

Helga 27 og 28 april var det dugnad i og rundt Barekstadtun og Vikatun. Med “vergudane” på lag, var det eit stort oppmøte på dugnad både laurdag og søndag. Vi fekk rydda bort masse greiner frå grantre som vart felt ned. Det vart vaska ned 2 leilegheiter i Vikatun. Plast og søppel vart fjerna frå føra nedanfor leilegheitane. På det meste var vi rundt 15 – 16 personer som ofra nesten halve dagar for grendalaget. Flott innsats! Då treng vi også ein dugnadspause med kaffi og litt å bite i.