Det vart haustfest i Barekstadtun 09.11.24. Med fint pynta haustfargar og blomster på borda, vart det koseleg stemning i grendahuset i Barekstad. Dei trufaste damene på kjøkkenet, laga god forrett og hjortegryte til alle som ville smake. Andre på øya kom med kaldmat, tilbehør og kaker. Det var rikeleg med velsmakande godbitar for alle. Trur alle sette pris på å komme saman i grendhuset og praten gjekk rundt borda. Vi fekk med oss litt song, quiz og ein liten utlodning. Når kvelden var over og alle var på veg heim hadde grendalaget fått inn ein god sum med pengar som vi takkar alle frammøtte for.