

Grendalaget i Barekstad/Hovdevåg legg påskebasaren til skjærtorsdag 17.04.2025 kl. 16,00 og holder tradisjonen ved like. Her er eit bilde frå nokre av barnegevinstane på påskebasar 2024. Håper at det er mange på øya i påska som vil støtte grendalaget. For den som ikkje er fastbuande eller har høve til å vere med på basaren, er det mogeleg å vippse til Fransisca (Sisca ) Broeils, mobil 970 96 099. Då er det viktig å skrive kva slags lodd ein vil ha. Lodd for voksen eller i loddbok for born. Kakelodd kan ein og vippse. Husk å skrive kva namn lodda skal stå på. Fransisca skriv då desse lodda i rett loddbok fortløpande. Alle lodd kostar kr. 10,- pr stk. Det vert ikkje loppemarked på denne basaren men vi tek det igjen til sommaren.
Vi har nyleg motteke det fine bildet “Blåtimen” av Anita Steinset som skal loddast ut på ei eiga loddbok. Bildet har ein verdi på kr 3 500,-. For den som vil ha eit slikt fint maleri, malt på lerret og innrammet, kan vippse til Fansisca ( Sisca ) Broeils og bruke ordet : “Maleri” om ein vil ta på lodd for å vinne maleriet.
Vel møtt på basar!