SOMMARBASAR LAURDAG 19.07.25

( Ovanfor bilde av ein del av gevinstane på påskebasaren 2025. )

Grendalaget i Barekstad/Hovdevåg har lagt sommarbasaren til laurdag 19.07.2025 kl. 16.00 i Barekstadtun. Vi håper på at det er mange fastbuande og ferierande i bygda denne helga og vil støtte opp om arrangementet. Grendalaget har som vanleg loddbøker for vaksne, eiga loddbok for born og for kakelodd. Alle lodd kostar kr. 10,-. For den som ikkje har høve til å vere på basaren, men vil støtte grendalaget med å kjøpe lodd, er dette mogeleg. Barekstad/Hovdevåg Grendalag har no fått eige vippsnummer: 963690 som ein kan vippse til. Det er viktig å skrive i vippsen kva slags loddbok ein vil ha lodda i og kva namn lodda skal stå på. Då prøver vi i grendalaget å skrive ned lodda so raskt vi klarer. Er det nokon som tek lodd fysisk i loddbøkene og so vippser pengene, er det viktig å skrive i vippsen at lodda er skrivne i bøkene. Vanskeleg for grendalaget å ha oversikten elles.

Vi kjem seinare tilbake med melding om kor tid ein kan levere gevinster.

Det er litt usikkert enno om grendalaget vil ha open loppemarknaden i uthuset. Vi kjem tilbake med melding på nettsida når dette er klarlagt.

Vel møtt på basar.