VINDU OG DØR I KJELLER PÅ BAREKSTADTUN

På seinsommaren har vi vore heldig å fått satt inn 3 nye vindu og inngangsdør i kjellaren på grendahuset, Barekstadtun. Vindu og dør var bestilt på våren og innkjøpt på sommaren. Arbeidet skulle egentleg vere gjordt før sommarbasaren i juli 2025, men dette vart no gjordt i månadsskiftet august/september.

Vi må rette stor takk til Sparebankskiftinga som løyvde oss penger til ein god del av kostnaden. Kjempeflott at dei ville hjelpe eit lite grendalag med oppussing av grendahuset og dette er vi veldig takksame for. Takk også til dei som var med på dugnaden med å rydde i kjelleren slik at snikkarene fekk tilkomst til å jobbe inne i kjellaren og dei som hjelpte til få bort avfall etter at jobben var gjordt.