
Med bilde av eit dekke adventsbord ynskjer vi alle ei riktig god jul og eit godt nytt år. Vi vil samtidig takke alle som har vore med å støtta grendalaget på øya med dugnad, kakebaking, laga til basarer, tilstelningar, vaska sanitærrom, rydda i kjelleren på grendahuset. fiksa og reparert taket på leikehuset som blåste ned i haust. Takk for materiale til ny vippe og til snekkar som fekk den på plass. Takk til alle som har gjeve gevinster til basarer og teke lodd, bakt kake m.m. Laga til loppemarked. Dugnad rundt og inne i Vikatun. Maling og reperasjon av Nordsjøløype. Det er sikkert meir som er gjordt og som ikkje er kommen med her.
Utan all innsats frå folket som bur eller har ein eller anna tilknytning til øya, ville ikkje grendalaget i Barekstad/Hovdevåg klart å ta seg av so mange oppgåver og samtidig har midler til det.
Takk til dere alle.
