
( Ovanfor bilde av ein del av gevinstane på sommarbasaren 2025. )
Grendalaget i Barekstad/Hovdevåg har lagt påskebasaren til skjærtorsdag 02.04.2026 kl. 16.00 i grendahuset, Barekstadtun. Vi håper på at det er mange fastbuande og ferierande i bygda denne påska og vil støtte opp om arrangementet. Det vert kafè og høve til å kjøpe kaker, kaffe og brus. Grendalaget har som vanleg loddbøker for vaksne, eiga loddbok for born og for kakelodd. Alle lodd kostar kr. 10,-. For den som ikkje har høve til å vere på basaren, men vil støtte grendalaget med å kjøpe lodd, er dette mogeleg. Barekstad/Hovdevåg Grendalag har no fått eige vippsnummer: 963690 som ein kan vippse til. Det er viktig å skrive i vippsen kva slags loddbok ein vil ha lodda i og kva namn lodda skal stå på. Då prøver vi i grendalaget å skrive ned lodda so raskt vi klarer. Er det nokon som tek lodd fysisk i loddbøkene og so vippser pengene, er det viktig å skrive i vippsen at lodda er skrivne i bøkene. Vanskeleg for grendalaget å ha oversikten elles.
Vi kjem seinare tilbake med melding om kor tid ein kan levere gevinster som vi tek imot med takk.
Det vert truleg loppemarknad i uthuset samtidig med basaren.
Vel møtt på basar.
