STOR TAKK

Bildet viser ein god del av gevinstane som vart lodda ut 18.07.2026, ( kom meir etter at bildet vart teke.)

Grendalaget må rette ein stor takk til alle som var med på å gje oss eit fint resultat på vår sommarbasar 18.07.26.

Takk til alle som tok lodd og møtte opp og var med på sommarbasaren. Takk til alle som gav gevinstar og kjøpte i kafèen. Takk til alle kakebakarne. Takk til dei som var med å ordna til basar på førehand og til dei som vaska og rydda i etterkant. Både små og store oppgåver er viktige for at grendalaget skal kunne klare å gjennomføre basaren.

Framleis god sommar!