Historie

Øya Hovden har ein lang og spanande historie. Særleg føregjekk her mykje under 2. verdskrig, og i tida då sildefiske var på sitt beste.

Dei første spor etter folk på øya er nokre hellereistingar i Domba. I vikingtida skal Barekstad ha vore tilhaldsstad for vikinghøvdingen Baldarek. Barekstad tydar eigentleg Baldarekstaðir, altså Baldarek sin stad. Ein anna viking, som har kome seg inn i øya sin historie, er Vemann. Han skal i  følgje gamle historier vere gravlagd i ei røys, på fjellet Vemannsrøysa.

Arkeologiske funn på Nord-Hovden viser at det har vore busetnad like tilbake til Steinalderen. Rikt fiskeri nær øya gjorde at folk slo seg ned og vart fiskarbønder .I generasjonar dreiv dei kystfiske og sjølvberging på små gardsbruk.

Soga om Flora” av Albert A Joleik, er ei av dei beste kjeldene til gamal lokalhistorie i Florø og omeg. Den tek mellom anna for seg historia til dei opphavlege gardane på øya (Barekstad, Domba, Kittang og Hovden) frå 1300-1800. “Soga om Flora”  fortel om 5 barske og trassige menn frå øya som sette seg opp danskekongen i 1567. Det enda med at dei vart sende til Bergen, der alle vart fengsla, og ein av dei  vart avretta.

Under 1. verdskrig begynte Gregoriussen-familien å bygge opp anlegget i “Holmen”. Dei første åra gjekk aktiviteten ut på brenning av tran og salting av sild og anna fisk. I 1920 vart anlegget i “Holmen” råka av økonomisk krise, og Gregoriussen mista anlegget. Ikkje mange år seinare hadde familien kjøpt opp igjen “Holmen”. Fram til 1950 åra satsa ein på sildesalting og produksjon av tran. Mykje av den salta silda vart send til Russland, men noko spekesild enda i fjordane på Vestlandet. I 1950 åra vart det i tillegg bygd ein sildeoljefabrikk. Aktiviteten i “Holmen” var tildels sesongprega, men på det meste arbeidde omlag 30 personar her. På denne tida var nok også innbyggjartalet på det høgste, med omlag 250 menneske på øya. Skulen var til og med todelt med undervising både i Hovden og Barekstad. Produksjonen av sildeolje og sildemjøl helt på fram til 1980 åra, medan resten av aktiviteten vart meir eller mindre avvikla i 1960 åra.

Det var og stor aktivitet på øya under 2. verdskrig. I eit av dei første krigsåra gjekk den 10 000 tonn store tyske lastebåten “Frankenstein” på grunn ved eit av dei små øyene like utan for Barekstad, etter eit britisk luftangrep. Båten brakk i to, og sakk sidan, medan mannskapet vart redda.

Domba som ligg vest på øya var ein viktig stad for mange motstandsfolk, og for britiske etterretningsagentar. Ein tok her imot våpen og ammunisjon, som vart distribuert til motstandsrørsla i fylket. Domba var og viktig i transport av folk til og frå England. Mange gøymde seg i Domba, medan dei venta på å bli plukka opp av britiske fartøy. Ein familie frå Hovden rømde til England under krigen, og ein av mennene var sidan i britisk teneste på mtb-båtar. Mellom anna var han med som kjentmann i ein aksjon mot tyskarane på Florøvika, og var ein sentral person bak redninga av eit britisk mannskap, under same aksjonen. Øya vart brukt av motstandsrørsla som observasjonsstad. Dei heldt oppsyn med trafikken til og frå Nordsjøen, og sende radiosignal til britane. I 1995, 50 år etter krigen var slutt, vart det lagt ned ei minnetavle i samband med innsatsen under 2.verdskrig, i Hovdevågen.