Nordsjøløypa

nordsjc3b8lc3b8ype
Bilete frå Nordsjøløypa; utsyn mot Hovdevåg og Frøyalandet (Foto: Per Godø)

Den 2. juni 2007 var det stor opningsseremoni i Barekstad, med opning av Nordsjøløypa på Hovden. På dugnad har bygdefolket rydda og merka 25 km med flott turløype rundt heile øya. Nordsjøløypa (North Sea Trail) er eit prosjekt i EU-regi for å fremje kystkulturarv, gjennom turløyper i heile Nordsjøområdet.

Vandring på dei merka turstiane på Hovden gjev kvar for seg ulike utfordringar og varierte opplevingar. Vi du følgje heile løypa, kan den ta deg frå rutebåtkaia i Barekstad og over Vemannsrøysa, der ein på fine, klare dagar ser frå Askvoll i sør, til Hornelen i nord, og kan hende du til og med skimtar plattformer i Nordsjøen. Turen fortsett langs høgdedraga over Gåsevatnet og mot Hovdevåg, og vidare langs flatt og fint terreng, til Kvanhovden fyr (der du og kan overnatta). Fyret ligg på ein odde heilt ut i havet, under den stupande Skorakinna, det høgaste fjellet på øya. (310 moh.) På Kvanhovden rår ei særeigen atmosfære, der storhavet møtar rundslipte og svarte sandsteinsknausar.

nordsjo.jpg

Frå Kvanhovden går løypa vidare langs svaberga til dei fråflytte gardane i Domba, der ein gøymt mellom røsslyng og eine kan finne helleristingar. Ved å følgje den gamle skulevegen til borna som vaks opp i Domba, kjem ein til Kittang, og kan følgje vegen til rutebåtkaia i Barekstad. Undervegs vil ein møte variert kystflora og eit rikt fugle- og dyreliv.

Det er sjølvsagt godt muleg å starte turløypa frå Kvanhoven, Hovdevåg, Domba eller Kittang. Øya kan også opplevast langs ein 10 km lang forgreina kommunal veg som er godt egna til sykling.