Friluftsliv

Frå Domba
Bilete frå Domba.

Velkommen til ei barsk og vakker naturoppleving, med nakne fjellknausar i lyngheiene, svaberg bada i den raude solnedgangen og havørna som svevar i horisonten over storhavet! Øya Hovden ligg heilt ute i det yttarste havgapet, og er med sine 15 kvadratkilometer den største øya i Flora kommune. Nordsjøen har gjeve oss eit vått, vilt og ope landskap som er perfekt for fotturar og friluftsliv. Det er og mange fine badeplassar og teltstadar på øya. For turforslag sjå www.ut.no

Då øya ligg ut mot Nordsjøen er det sjølvsagt gode forhold for fiske, både frå båt og land. Dei siste åra har det og vore fiska mykje krabbe. Dessutan er det aure i Gåsevatnet, eit stort vatn midt inne på øya. Samt i mange av dei mindre vatna på øya. Ein god måte å oppleve øya på kan vere å følgje Nordsjøløypa, som gjennom 25 km med merka turløype tek deg over heile øya og forbi fyrlykt, fjellhole, hellereistingar og røyser.

Ein finn eit rikt fugle- og dyreliv på Hovden. Landskapet på øya er i stor grad prega av stein, lynghei og myrområde, med tilhøyrande flora og fauna. Allereie i 1842 vart Nord-Hovden fredlyst egg- og dunvær. Fram til 1980-åra heldt den største kolonien av hekkande måse sør for Stadt til på Nord-Hovden, i tillegg til at andre sjøfuglar og hekka der.

Sidan 80åra har bestandane av sjøfugl vorte redusert, men sjølv i dag er Nord-Hovden, andre delar av øya Hovden, og skjera og holmane i nærleiken, ein viktig hekkeplass for fugl. Havørna har vorte eit vanleg syn, etter at den slo seg til ro på Nord-Hovden og i Domba. Hjorten kjem symjande over fjorden frå fastlandet til Hovden. Til saman får jaktlaga på øya tildelt om lag 20 fellingsløyve på hjort kvar haust. Forutan hjorten treff ein ofte oter, mink og hegre når ein oppheld seg utandørs.

Øya er vel verd å besøke, så ta båten utover til oss.